Stryn Visefestival – festivalpakke med overnatting

Claudia Scott spelar på Visnes Hotel laurdag 13. april.

Stryn Visefestival er ein sjarmerande og intim musikkfestival for dei som vil oppleve og nyte god musikk frå artistar som Unni Wilhelmsen, Asle Beck og Claudia Scott og mange fleir.. Med vår festivalpakke får du fantastiske rammer for å nyte denne helga, her kan du kombinere gode musikkopplevingar med 3-retters middag, overnatting på eit historisk hotell og gangavstand til alle av festivalen sine små og store scener.  

Stryn Visefestival er eit festivalkonsept som utspelar seg i sentrum av Stryn fredag 12. og 13. april 2024. Konseptet er enkelt. Hovudkonsertane arrangerast kvar kveld i Stryn Kulturhus. Deretter kan ein velge tre ulike artistar på tre forskjellige scener i etterkant av hovudkonserten. Kvar artist gir to konsertar, slik at du som publikum kan velge to ulike konsertar i konsertar i tillegg til hovudkonserten. Dei intime småscenene finn du på Stryn Vertshus, i fojaen på Stryn Kulturhus og hos oss – her på Visnes Hotel.

I år vil Unni Wilhelmsen (fredag) og Maria Haukaas Mittet (laurdag) skinne på hovudscena i Stryn Kulturshs. I tillegg kan du oppleve Oda Eirin (foaje),

Haugland (Stryn Vertshus) og Asle Beck (Visnes Hotel) på småscenene på fredag. Laurdag er det klart for Raftevold & Berg i foajeen, Claudia Scott her på Visnes Hotel og Thom Hell på Stryn Vertshus.

Alt dette kan du oppleve i kombinasjon med komfortabel overnatting i historiske dobbeltrom, inkludert deilig frukost. Både fredag og laurdag blir det servert 3-retters middag her på hotellet – ein perfekt start før kveldens musikkopplevingar.

Festivalpakke inkluderer:

  • Overnatting i historisk dobbeltrom på Visnes Hotel

  • Frukost begge dagar

  • 3-retters middag begge kveldar

  • Festivalpass med tilgang til alle konsertane

 Bestill festivalpakke gjennom de historiske hoteller her.

Neste
Neste

Nordfjords perler - ta turen i Nordfjord frå kyst til fjord.