Booking

- +
- +
- +
- +
Høst-2017-web.jpg
 
 

Velkomen til gards

Visnes Hotel er eit historisk hotell med fasade i klassisk sveitserstil. Verksemda starta i 1850 då eigaren av den store garden på Visnes, Anton Visnes, innreidde nokre rom i hovudhuset på garden og tok imot gjester. Hotellet er tildelt Olavsrosa, som er eit kvalitetssymbol for den norske kulturarven. Her finn du mykje historie og sjel.

 
 
LL-Visnes-hotel_uteservering.jpg

 

 
 

Kortreist på kvite dukar

På Visnes Hotel reindyrkar vi den norske, kortreiste maten. Med eigen jeger har vi tilgang til mykje godt viltkjøtt. I tillegg hentar vi fisk og skaldyr frå kysten, og brukar våre lokale leverandører. Slik kan du nyte herlege rettar med kort veg frå jord til bord.

 
 
LL-Visnes-hotel_08_web.jpg
 
Loen-Terje-Rakke-Nordic-Life-Fjord-Norway-web.jpg
 

Opplevingar i kø

Stryn er eit eldorado for deg som likar ein aktiv ferie. Frå hotellet når du enkelt ut til dei største attraksjonane og opplevingane som norske fjell og fjordar kan by på.

 
 
IMG_0762_web_marianne-ramstad-malone.jpg
 

Sov godt

Visnes Hotel held ope for overnatting fem månader i året. Frå midten av april til midten av oktober kan du sove i eit av våre unike rom - alle individuelt innreidde i nostalgisk stil. Velkomen til 1930 - men med eige bad på romet.

 

Her finn du meir informasjon om våre samarbeidspartnarar (klikkbare logoar).