Visnes-Hotel-gml-justert.jpg
 

Frå storgard til hotell

Visnes Hotel er eit historisk hotell med fasade i sveitserstil. Verksemda starta i 1850 då eigaren av den store garden på Visnes, Anton Visnes, innreidde nokre rom i hovudhuset på garden og tok imot gjester.

Verksemda vart bygd ut gradvis, og sonen Arne gjorde det om til hotell i 1887. Visnes var på denne tida ein sentral plass i Stryn, med kai og hovudveg forbi hotellet. Varer og gjester kom både landevegen og sjøvegen. Stryn ligg inst i Nordfjord, og det var mykje båt-transport som kom frå mellom anna Bergen og Sogn.

 
 
LL-Visnes-hotel_23_web.jpg
 
 
LL-Visnes-hotel_18_web.jpg
 
 

Stilstudie

Den største utvidinga av Visnes Hotel vart gjort i mellomkrigstida, då også den velkjende fasaden i sveitsarstil vart bygd. Hotellet fekk 30 gjesterom. Eigarane dreiv også bensinstasjon og bilverkstad ei tid. Frå 1957 til 1986 låg hotelldrifta nede. Så tok 5. generasjon Visnes, Kristin Visnes, oppatt drifta. I 2000 kom 6. generasjon til Stryn og tok over. Vibeke Visnes pussa opp mange av roma og det vart laga bad til alle rom.

 
 
 
LL-Visnes-hotel_04_web.jpg
 

Hotellet ber preg av å ha vore i drift gjennom mange stilepokar og har i dag 19 rom innreidde i mellomkrigs- og jugendstil. Spor etter den store garden er her også, med det store tunet og den gamle låven som eit landemerke. No set vi i stand låven og innreier fire familierom på loftet og forsamlingslokale i 1. etasje.

 
 
LL-Visnes-hotel_16_web.jpg
 
LL-Visnes-hotel_10_web.jpg
LL-Visnes-hotel_09_web.jpg
 

Visnes Hotel er eit av dei historiske hotel - og er tildelt Olavsrosa, som er eit kvalitetssymbol for den norske kulturarven. Her finn du mykje historie og sjel. Vi tek vare på dette gamle trehotellet, og arbeider heile tida for å nå våre bærekraftsmål. Visnes hotel er ei sertifisert miljøfyrtårn bedrift.

 
IMG_0837_web_marianne-ramstad-malone.jpg
 
 

Vertskapet

Våren 2014 var Visnes Hotel til sals, etter å ha vore drifta av familien Visnes i 6 generasjonar. Med eit ynskje om å kunne drive sjølv og å bidra i den lokale turismen, bestemte ekteparet Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal seg for å kjøpe hotellet.

Marit er opphavleg frå fjellbygda Vats i Ål i Hallingdal, der ho vaks opp på familiebedrifta Nordheim Fjellstue. Ho har mykje erfaring frå hotel- og restaurantbransjen, og har dei siste 12 åra vore butikksjef på Vinmonopolet i Stryn. Ho har mykje kunnskap og interesse om mat og vin, og har opp i gjennom åra tileigna seg fleire kurs og diplom innan emnet. 

Arvid er oppvaksen på gard i Hornindal, nabokommunen til Stryn. Han har tidligare jobba som snekker og selger av hagemaskiner. Arvid er ein pådrivar for vedlikehald av hotellet, og har i tillegg ei stor interesse for friluftsliv, jakt og fiske. Arvid vil gjerne bidra med sin kunnskap, og har eit ynskje om å kunne utvikle og tilby aktivitetsturisme i nærområdet. 

Ekteparet har alltid vore glad i å reise, og har henta inspirasjon frå både inn- og utland. No er det først og fremst potensialet i den lokale turismen som står i fokus. Marit og Arvid ynskjer å ivareta eit historisk hotel i eit av verdas mest kjente turistområder. Dei vil kunne bidra med god lokal kunnskap om både friluftsliv og historie, og ein lidenskap for mat og vin.

 
 
 
LL-Visnes-hotel_20_web.jpg
You feel like you enter into someones home when arriving in this historic hotel. The owners are present at all times and they are so, so passionate about this place and they alway stop by and talk to the guests. The hotel is charmingly old, but well renovated, keeping it old-fashoined. Highly recommended.

På Visnes Hotel tek vi godt imot deg.
Sjå meir frå Tripadvisor. 

Her finn du meir informasjon om våre samarbeidspartnarar (klikkbare logoar).